Bok

Å lese etter trua

Kanskje leitar Tom Egil Hverven fyrst og fremst etter den protestantiske trua i sin litterære samtale med fleire forfattarar.

Publisert

Å lese etter troen er den tvitydige tittelen på Tom Egil Hvervens nye bok, med undertittelen Forsøk om norsk litteratur på 2000-tallet. Hverven les forfattarar som Paal-Helge Haugen, Ingrid Storholmen, Olaug Nilssen, Laura Djupvik, Jon Fosse, Karl Ove Knausgård, Svein Ellingsen og Dag Solstad. Han les etter spor av kristen tru, og han les etter at trua er avvikla som eit felles kulturelt prosjekt.

Samstundes er boka mykje meir enn ein analyse av tru i norsk litteratur. Å lese etter troen framstår som eit litterært vitnesbyrd. Vitnesbyrdet er ein sjanger Hverven kjenner godt frå si tid blant kristenfolket, der «den lavkirkelige tradisjonen og litteraturen møtes i noe kroppslig, eksistensielt», som han skriv.

Alt frå fyrste side vert vi klare over at det er den kroppslege erfaringa som står i sentrum. Hverven er så ærleg og oppriktig at det vert sårt og attkjenneleg. Det er freistande å tenkje at det å lese definerer det å vere menneske, for Hverven. Det betyr ikkje at det må vere slik for alle, men for somme er lesing der sjela vert forma. Det krev ein varleik og ein seriøsitet i livet å opne seg slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement