Musikk

Å lytta til bilete

Jon Hassell er ein holistisk trompetist og visjonær komponist.

Jon Hassel i aksjon på jazzfestivalen i Molde i 2006.
Jon Hassel i aksjon på jazzfestivalen i Molde i 2006.
Publisert

Trompetisten Jon Hassell, ein av dei mest nyskapande og særprega musikarane i moderne tid, har ein signatur og klang i trompettonen sin som gjer at ein kan kjenne han att før han i det heile har spelt ferdig ein frase. Han var tidleg ute med å slå saman musikkuttrykk i utenkjelege kombinasjonar til det han kalla Fourth World, ein futuristisk musikkvisjon og filosofi som har hatt stor påverknad på moderne elektronisk musikk.

No er han vorte 81 år gamal og er klar med fyrste album i ein ny trilogi, Listening To Pictures.

Studium

Hassell er fødd og oppvaksen i Memphis Tennessee, og han fekk mykje av den fyrste musikalske påverknaden derifrå, mellom anna frå jazzmusikarar som Stan Kenton og som trompetist i storband. Som ung reiste han til New York og studerte komposisjon. Der kom han i kontakt med ein studentkrins som etter kvart fekk han til å søkja seg vidare til det avantgardistiske komponistmiljøet i Europa, og eit toårsstudium hos samtidskomponisten Karlheinz Stockhausen i Köln. Attende i USA vart han på slutten av 1960-åra ein del av sirkelen kring La Monte Young og Terry Riley, båe kjende som forløparane til den musikalske retninga som i ettertid er vorten kalla «minimalismen». Jon Hassell spelte mellom anna på Terry Rileys legendariske verk In C, og han vart sentral i La Monte Young og Marian Zazeelas Dream House kunst- og musikkprosjekt.

Dei tre vart også elevar av den indiske songaren og guruen Pandit Pran Nath, som har hatt stor innverknad på den seinare musikken deira, gjennom disiplinert øving og gjennomgang av dei rytmiske og melodiske strukturane i den indiske ragamusikken.

Solodebut

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement