Bok
Å, ver hjå meg!
Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.
Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Eigentleg tenkte eg at tittelen på denne bokmeldinga skulle vera «Knulla og nulla», som er noko Mette Karlsvik skriv sjølv i romanen Året har tretten netter, som ei rå, men sannferdig oppsummering av den relasjonen som er sentral i boka, men så feiga eg ut, eller fann ein tittel som seier meir om den lengten eg-personen i boka ser ut til å bera på, eit eg som heiter Mette, og som deler biografi med forfattaren.
Mette i boka har eit samlivsbrot attom seg, ho er mor til dottera A, ho mista far sin då ho var ung, ho utvikla anoreksi og slit med etterverknader av lang underernæring. Men ho vil gjerne ha ein ny mann i livet sitt, så ho går på Tinder på mannfolkshopping, og oppdagar mannen M, ein franskmann i Noreg, og eitkvart er det med han som vekkjer kjensler i henne, kanskje det beint fram er at han er ein franskmann i Noreg?
Uforpliktande
Same kva årsaka kan vera, oppstår det ein relasjon mellom dei to, etter litt såkalla chatting vert det ganske snart eit fysisk møte, og deretter fleire, når det lagar seg slik at dei båe samstundes har fri frå born etter brotne samliv, og Mette prøver å gjera noko meir ut av dette, eller noko anna enn det M vil, for medan ho nok er ute etter kjærleik og nærleik, er M berre ute etter leik, korkje særleg kjær eller nær.
Han vil, etter det eg kan sjå, berre ha eit heilt uforpliktande forhold, der dei to ikkje treng å vita for mykje om kvarandre. Ho, på si side, fell for denne mannen med stor M, og når det går heilt opp for ho kor stor skilnad det er på opplevinga dei to har av relasjonen, og innser at det heile er over, er det ho finn den plumpe, men korrekte oppsummeringa, ho er knulla og nulla.
Romanen vekslar fint mellom notidsplanet og minne om tida med faren, og omstende kring kreftsjukdomen og dødsfallet hans, og kva ho gjorde då ho, som studerte i Glasgow, fekk vita at han låg på det siste. Her konfronterer ho seg sjølv med tidlegare usanne versjonar av handlingane sine, og just i dette oppriktige og private kjem ho lesaren nær, det er ikkje ein manipulert og retusjert versjon av hendingane, men så tett på det røynlege som råd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.