Teater
Å vilje hoppe vekk ifrå alt
Den eine (Kim Fairchild) har mista lysta til å leve. Den andre (Ingrid Unnur Giæver) strevar med å fortøye båten dei er om bord i.
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Vår fjerde nobelprisvinnar i litteratur skreiv Eg er vinden for snart tjue år sidan i samarbeid med Festspillene i Bergen. Stykket hadde urpremiere på Nationaltheatret i 2007 og har vorte framført på fleire norske teaterscenar. Diverre blir tematikken aldri uaktuell: Det handlar om Den eine som ikkje orkar å leve lenger, og Den andre som prøver å snakke han eller henne frå å hoppe i døden.
No var eg litt upresis i resymeet av handlinga – teksten til Jon Fosse er som vanleg fleirtydig. Vi kan ikkje vere heilt sikre på om Den eine alt i starten av stykket har teke livet sitt. I så fall er resten av skodespelet ein retrospektiv samtale om korleis Den andre freista å hindre tragedien.
Kvar vår tolking
Det fine med det fleirtydige i språket til Jon Fosse er at vi som publikummarar kan ha kvar vår tolking. Regissør Victoria Meirik og dei to skodespelarane, Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver, lar det vere så mykje stille mellom replikkane at ein rekk å tenkje og føle.
Eg hugsar dei eg har kjent som hamna i det eksistensielle mørket som Den eine fortel om. Eg minnest dei som kjempa til liks med Den andre for å berge eit fortvila medmenneske vekk frå stupet, bort frå det lokkande djupet. Men dei tapte. Det gjer vondt.
På Intimscenen til Rogaland Teater får vi vere i dialog med to personar som slåst kvar sin kamp: Den eine orkar ikkje å vere der ho er, men heller ikkje nokon annan stad. Den andre prøver å få henne til å sjå at livet er til for å levast. Enno er dei to menneske i same båt, ute på ei eksistensiell ferd der dei kan leggje til ved eit svaberg og ta ein ankerdram saman, ete niste og drikke litt vin. Så lenge dei snakkar saman, er det håp, tenkjer eg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.