Film
Ålandsk epos
Kvinnekamp har konservativ stil i ny filmversjon av bøkene til Anni Blomqvist.
Maja (Amanda Jansson) blir gifta vekk til Janne (Linus Troedsson) og må flytte til Åland.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Maja (Jansson) er annleis. Ho gler seg over skuggeleik på veggen, ordval og mykje rart. Ho trivst med mora (Järnefelt) og systera, og blir livredd då faren giftar ho vekk til Janne (Troedsson).
Han tek ho med til vêrbitne Stormskjær. Heldigvis er Janne ein grei kar som forstår fridomstrongen hennar. Men Åland midt på 1800-talet er ingen fest for ein fattig fiskarfamilie. Då Krimkrigen når Austersjøen, blir alt verre. Modige Maja blir herda.
Øy for augo
Den nye filmen til regissør Tiina Lymi er basert på ein romanserie av Anni Blomqvist som kom ut mellom 1968 og 1973. Romanane danna grunnlaget for ein fjernsynsserie frå 1975 som slo an. Dei som kjenner historia, vil sikkert følgje i fotspora til dei fire hundre tusen finnane som har sett filmen på kino.
Stormskjærs Maja har finansiering frå Viking Line og klar melding om at han er filma på Åland. Den ålandske skjergarden får flotte seg, med vakre svaberg, flora og fauna.
Både innspelingsstad, kulissar, kostyme og ikkje minst rekvisittar held høgt nivå. Foto og fargetone er meir ujamne. Stundom er bileta litt blasse. Ikkje at ein må overdrive med fargekorrigering, men eit inntrykk av litt billeg fjernsynsproduksjon snik seg på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.