Aldri fan sin tull

«Fanitullen» – elska og hata, ei landeplage som publikums kjælebasse og felespelarens skrekk.

Einar Mjølsnes spelte «Fanitullen» på dette albumet til Christiania Fusel & Blaagress.
Einar Mjølsnes spelte «Fanitullen» på dette albumet til Christiania Fusel & Blaagress.
Publisert

Alt tyder på at mottakinga av serien Trollstemt som går på NRK desse dagar, er god. Så er det å vone at effekten av serien blir til velsigning for folkemusikken.

Poesiens makt er ikkje å kimse av. Det viser seg på sitt sterkaste i denne serien. Eit dikt med heimelsmann ved ein eventyrsamlar og seinare biskop, Jørgen Moe, skrive på midten av 1800-talet, innleier programmet og er «for n-te gong» dramatisert.

Slåtten spela, med varsam grad av kraft og styrke, vart i si tid nemnd med «Lite Fan og mykje tull!». «Fanitullen», om nokon, måtte vere kraftig i uttrykket, med si karakteristiske felestemming. Det var drama knytt til musikken, slik det jamt kan vere i slåttespelet, uttrykt gjennom takt og rytme. Ein marinade av trusdogme er kjend ingrediens i slåttespelet: «Høyrer eg ’Nordafjellsen’ frå fela, spenner eg meg oppatt or grava!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement