Bok

Aldri håplaust

Den sterke novellisten skuffar ikkje med sin første roman.

Etter å ha skrive fleire novellesamlingar har Hilde Lindset skrive ein roman.
Etter å ha skrive fleire novellesamlingar har Hilde Lindset skrive ein roman.
Publisert

Hilde Lindset er ein av forfattarane eg følger med størst interesse. Med solide tekstar er ho blant dei beste novellistane vi har, meiner eg. No er Lindset ute med sin første roman, som er annleis enn novellene på fleire måtar enn i sjanger.

Fleire lag

Bare de levende trenger å bli husket går føre seg på den fiktive øya O. Louise reiser dit litt umotivert og endar opp med å ta vare på ein liten gut som har flykta over havet og mista dei næraste.

Kristin Sørsdal kom i fjor med den vakre romanen Mare, som kan minne om denne både tematisk og i den poetiske stilen, som hos Lindset er til stades her i mykje større grad enn i novellene. Fleire andre forfattarar er naturleg nok òg opptatt av flyktningkrisa, men Lindset skil seg ut: Etter enda lesing er eg framleis usikker på kven som er forteljaren. Kva er det som eigentleg hender? Kven har mista kven? Og handlar boka eigentleg om flyktningkrisa?

Flykte til og flykte frå

Teksten er skriven i ulike stilar. Store delar er skrivne som prosalyrikk og speglar liv som går i oppløysing. Andre delar av boka er skrivne som tradisjonell prosa. Innimellom er det fletta inn nokre slags formaningar som står i kursiv, som ei stemme som nærast masar på eit «du», og som følger med på alt Louise gjer. Vi anar at det finst eit «eg» ein stad, men at ho held seg utanfor forteljinga, at livet hennar skjer ein annan stad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement