Bok

Algoritmar og attrå

Brageprisnominerte Ekko handlar om den moderne medierøyndomen mange er ein del av, men som fleire burde ha eit problematisk forhold til.

Lena Lindgren er politisk kommentator i Morgenbladet.
Lena Lindgren er politisk kommentator i Morgenbladet.
Publisert

I kva grad påverkar dei sosiale media, med kalkulerte triks for å gjere oss brukarar avhengige av dei, hjernen vår? I den særs velskrivne boka Ekko. Et essay om algoritmer og begjær ser Lena Lindgren på dei blinde driftene til mennesket. Lindgren undersøkjer kva som skjer med oss menneske når dei store teknologiselskapa, som Google, Twitter, Facebook og andre, byrjar å leike med attråa vår, som vi, om Lindgren har rett, beintfram ikkje har kontroll på.

Vi må slutte å lyge om eigen originalitet og sjølvstende: Vi diltar etter kvarandre og er slett ikkje unike. Dei store teknologiselskapa veit dette og skipar algoritmar som formar oss og gjer oss til etteraparar og grådige konsumentar.

Men har Lindgren rett i denne analysen?

Analyseverktøy

Fyrst må vi sjå på kva grep forfattaren tek i denne boka. Lindgren trekkjer inn dei eldgamle historiene om menneskeleg veikskap og attrå for å betre forstå samtida. Ho held fast på at mytane er eit verktøy til gode samtaler om dei kreftene vi menneske har i oss. Ho følgjer etter Ovids myte om Ekko og Narcissus og meiner at denne forteljinga kan fortelje oss noko vesentleg om mennesket i dag, der vi hikar etter stadfesting og originalitet. Deretter koplar ho myten om Ekko og Narcissus opp med den fransk-amerikanske tenkjaren René Girards teori om mimesis.

Girard hevda at vi menneske er begjærstyrte, med dårleg impulskontroll og elendig dømmekraft. Vi er ein gjeng med imitatorar som ukritisk følgjer etter alle andre. Her kjem dei store teknologiske selskapa inn i biletet: Den nye teknologien forsterkar desse trekka i mennesket. Den nye mobiltelefonen har appar som er designa for at mennesket skal verte avhengig. Lundgren meiner at vi står midt oppi eit gigantisk hjerneeksperiment som vil forme oss i generasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement