Musikk
Allsong godt innanfor grensa
Sjarm og vemod pregar tolkingane.
Songskatten som Eriksen og Halle auser av på denne utgjevinga, er alle henta frå eldre songbøker. Duoen høyrer til ein av dei siste generasjonane som fekk desse songane inn med morsmjølka. Mange musikarar har gjort versjonar henta frå den same songskatten, men eg kan ikkje minnast å ha høyrt eit tilsvarande konseptalbum.
Respekten for det melodiske utgangspunktet er sterk og gjennomgåande, men heile poenget er å setja sitt stempel på eit materiale som til dei grader er kjent og kjært. I det store og heile lukkast dei to. Det er sjølve melodien som har vore styrande for tolkingane deira. «Ola Glomstulen» er eit godt døme i så måte.
Dei nyttar ein rik palett av verkemiddel, men felles for all verkemiddelbruk er diskresjon. Harmoniseringa er minimalistisk, og rytmisk vekslar det frå rubato-parti til underliggjande groovar, men det blir heile tid berre hinta. Eriksen brukar registeret på flygelet effektfullt.
Innleiinga på «Blant alle lande» og «Mellom bakkar og berg» (som er L.M. Lindemans tonesetjing av diktet «Nordmannen» av Ivar Aasen) er to illustrerande døme på dette. Sistnemnde er også favoritten min på plata. Halle brukar elektronikken med varsemd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.