Bok
Alt heng saman med alt
Det er det overordna perspektivet i midten av boka som gjer ho mest interessant.
Lasteskipet «Navy Star» kryssar Bosporos i Istanbul. Både det og sundet Dardanellane tilhøyrer Tyrkia og gjev Erdogan mykje makt.
Foto: Emrah Gurel / AP / NTB
Russlands aggresjonskrig i Ukraina endrar alt, skriv Cecilie Hellestveit. Ho syner kvifor og greier ut om krigens overordna samanheng. Særleg endrar han vilkåra for norsk utanriks- og tryggingspolitikk, skriv ho. Ukrainakrigen har nokre særeigne konsekvensar for Noreg.
I 22 korte kapittel drøftar Hellestveit Ukrainakrigen på fleire nivå. I dei første åtte kapitla tek ho sats og rettar søkjelyset mot Ukraina, som sidan slutten på den kalde krigen har vore trekt mellom Russland og Vest-Europa.
Men frå kapittel 9 løftar ho det analytiske blikket og set krigen inn i ein verdspolitisk samanheng. Her framstiller ho Ukrainakrigen som symptom på ei verd i endring. Han markerer slutten på verdsordenen i etterkrigstida og byrjinga på ein ny runde med rivalisering mellom stormaktene. Både til lands og til havs. Og særleg til havs. Krigen varslar nye konfliktar om ressursar og om maritime handelsruter.
Geopolitikk
Med invasjonen i Ukraina har Russland teke geopolitikken tilbake til Europa igjen, skriv Hellestveit. Men det er ikkje Russland som er den største drivkrafta i den overordna endringa ho peikar på. Det er Kina, som er alliert med Russland, og som fører an i ei aukande rivalisering med USA og Vesten.
På den store partikongressen som nyss blei avslutta i Beijing, lova Kinas mektige leiar, Xi Jinping, at Taiwan skulle førast tilbake til Kina. Hellestveits bok bidreg til å syne kvifor: Taiwan dominerer fullstendig den globale marknaden for databrikker. Dei kan ingen moderne økonomi klare seg utan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.