Bok
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Når Ane Barmen vel Sitka som tittel på dei fem novellene ho har samla som «Pøbelgrannoveller», utan at ei einaste sitkagran finst i tekstane, anna enn den notisen det heile startar med, forstår ein at sitka er noko meir enn dette hersens treet som har spreidd seg langs heile kysten. Eg siterer heile notisen: «I tiåra etter andre verdskrigen var det stor utplanting av sitkagran på kysten av Vestlandet, i von om tømmer og ly. I staden overtok ho store område, fortrengde naturlege artar og spreidde seg ut av kontroll.»
I dei fem novellene er det òg noko som er ute av kontroll, velmeinte handlingar som skjer seg totalt og lar personane det gjeld, stå ribba og tomhendte tilbake. I opningsnovella «Nannerl» skal ein 18-åring prøvespele for eit black metal-band. Broren på tolv er med og gir gode råd under øvinga, både når det gjeld tekst og framføring, ja, han fornærmar bandleiaren med artistnamnet Nannerl så grundig at det er takk og farvel.
Depresjon
«Orangutang» handlar om Solveig og Tomas, som er nybakte foreldre. Solveig ønsker seg ei jente, men får ein gut ho ikkje er heilt klar for, og heime frå sjukehuset går ho inn i ein djup depresjon. Ungen blir fortrengd til fordel for Ingvild Bryn og Susanne Sundfør, som ho skal skrive ein musikal saman med. Ei orangutangmor dukkar òg opp, med ungen sin på slep. Realitetsbristen er så total at det endar med innlegging, medisinering og terapi. Det heile er skrive med glimt i auget i eit tragikomisk overlys.
Av fem gode noveller er «Sitka» den beste og mest alvorlege. Ei einsleg mor og to mindreårige med kvar sin far flyttar inn til og flyktar frå den eine mannen etter den andre. Den vaktsame uroa og nervøsiteten til barna er meisterleg skildra, samtidig som lojaliteten til mora også ligg der som noko trygt i alt det utrygge. Tanken går mot Torborg Nedreaas og hennar djupe innsikt i barnesinnet.
Far og son
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.