Film
Ansikt, innsikt, utsikt
Øystein Mamen gjer døra høg og porten vid i Straff.
Dokumentarfilmskapar Øystein Mamen har følgt innsette og tilsette på ein jesuittisk stilleretreat i Halden fengsel.
Foto: Mop distribusjon
Som eit rehabiliteringstiltak vert ein del av Halden høgsikringsfengsel omgjord til kloster i tre veker. Her skal Bjørn, John, Christian og Hasan prøva seg på stille soning og kanskje forsoning, til og med. Som ein samlande kjerne står fengselsprest Marit og kollegaene hennar.
Fengslande
Opningsscena kunne ikkje vore meir symbolsk. Den grå betongen i fengselsporten ser om mogleg endå meir grå ut når han er filma i svart-kvitt. Han ser samtidig ut som eit kunstverk, med sine sjatteringar, nyansar og skjoldar. Overført til menneske som har gjort alvorlege brotsverk, er det eit godt, om ikkje slåande originalt bilete.
Og originalitet er kanskje ikkje det som slår meg fyrst og fremst med Straff. Eit kamera som følgjer kriminelle på søk etter meining og innsikt, kjennest unekteleg som noko ein har sett før. På ein måte er det ganske dristig å gje seg i kast med eit slikt prosjekt nettopp fordi ein tenkjer at det er gjort før, men når du er ein sånn kameramagikar som Øystein Mamen, kvifor ikkje ta utfordringa?
Objektivt
Filmfotograf Mamen har halde på bak kamera sidan 2004. Som regissør har han gjort mindre, men alt i 2006 vann han pris for beste kortfilm. Og prisar har det vorte fleire av, mellom anna Amanda for Barn (2020) av Dag Johan Haugerud. Den siste kinofilmen er mykje omtalte Elskling (2024) av Lilja Ingolfsdottir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.