Bok
Antisemittisme på trykk
Argumenta til Bjørn Westlie manglar tidvis tyngd, men boka er velskriven om jødehatet til Nasjonal Samling.
Antisemittisk propaganda på eit butikkvindauge i Oslo hausten 1940.
Foto: NTB scanpix
«Det norske folks interesser både i dag og i framtiden krever at disse samfunnets skadedyr blir uskadeliggjort». Slik blir dei norske jødane omtala i oktober 1942 av pressebyrået til Nasjonal Samling, Norsk Artikkeltjeneste. Pressebyrået vart etablert i januar 1941 med oppgåva om å skrive nazistiske artiklar til norske aviser.
Sjølv om tittelen – Det norske jødehatet – gjev inntrykk av at boka skal handle om antisemittisme i den norske befolkninga generelt under krigen, seier Westlie særdeles lite om dette. Hovudtittelen er i så måte misvisande, for boka er avgrensa til ein studie av Norsk Artikkeltjeneste og dei antisemittiske artiklane som dette byrået forfatta.
Grov antisemittisme
Westlie presenterer mange døme på grove antisemittiske tekstar som norske aviser måtte publisere under krigen. Det norske jødehatet er eit interessant blikk inn i framferda til nazistiske organ i Noreg og korleis norske aviser reagerte på presset frå dei, ein reaksjon Westlie meiner er prega av både tilpassing og motvilje: Nokre stritta imot, og fleire blei fjerna frå stillingane sine – redaktørane var vane med å sjølv bestemme over eigne aviser, og fleire reagerte på innhaldet i artiklane. Andre føydde seg for å unngå bråk, og situasjonen var ifølge Westlie prega av sterkt press og fleire dilemma.
Forfattaren trekkjer tidvis inn forskingslitteratur og klarer på ein fin måte å balansere det med at boka er meint for eit allment publikum. Bortsett frå at boka i nokre tilfelle lid under upresise og krunglete formuleringar, er språket lettfatteleg, og det flyt godt. Westlie er dyktig til å halde på interessa til lesaren, noko han òg har demonstrert i tidlegare bøker som Fars Krig frå 2008.
Westlie støttar seg hovudsakleg på 100 av dei 1500 artiklane som Norsk Artikkeltjeneste distribuerte til norske aviser (s. 10–11). Diverre seier han ikkje noko om korleis og kvifor han har valt akkurat desse 100 eller kvifor han ikkje har gått gjennom heile kjeldematerialet. Nokre gonger kan dei mange ulike orda han nyttar for å skildre innhaldet i artiklane, som «antisemittisk», «jødehat», «hets mot jøder» og «antijødisk», vere forvirrande, då han ikkje set av plass til å forklare lesaren skilnaden mellom dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.