Litteratur

April/mai 1979

Olav H. Hauge-dagbøkene: «Kom til Malmö um morgonen. Fint vêr, sol, men litt svalt.»

Publisert

Tur til Polen: I morgon tidleg reiser me til Polen, tek toget på Voss. Nattoget frå Oslo til Malmö, kjem dit um morgonen onsdag, reiser um kvelden yver Østersjøen og kjem til Aust-Berlin. So til Warszawa um ettermiddagen. Tog heile vegen.

Kom til Malmö um morgonen. Fint vêr, sol, men litt svalt. Malmö er ein vakker by. Me tok bussen til Lund. Såg fyrst domkyrkja. Dinæst Kungsgården og Kungshuset. Eit merkeleg rundt tårn med tretrepper.

So var eg i ein bokhandel og fekk tak i dikti til Aspenström og eit utval av Enckel. Um ettermiddagen rusla me rundt i Malmö; der er uvanleg fine parkar, serleg slottsparken rundt Malmöhus er makelaus, med yrande fugleliv på alle kanalane og vollgravene, mange gamle tre. På Malmöhus festning er elles eit framifrå museum som me såg.

Um kvelden natt-toget til Aust-Berlin. Det vart mykje avbrot, med ferja, med toll og kontroll av pass og visum, so det vart ikkje mykje sove. Ja, so var me i Aust-Berlin. Der var skite og tung urein luft. Me såg ei rekkje store samlingar på ei øy der, dei vart delvis skadde i siste krig, men vert sette i stand att.

20. april, Warszawa: Fyrst på vitjing til ein minister som styrer med kultursaker. Heldt til i eit gamalt slott. Elles åt me middag i gamlebyen, som no er bygd upp att etter krigen. Mykje fint å sjå der. Me åt middag i ein kjellar som heiter Crokodillen.

21. april: I dag skal me til nasjonalmuseet. Mykje fint der, serleg kunst frå 1650-åri, av hollandsk og tysk målarkunst. Mykje god italiensk òg. Me åt middag i Stare Miasto i dag òg, men på ein annan stad enn i går.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement