Film

Årets dårlegaste?

Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.

Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Publisert

I ein rik storfamilie i Napoli veks vakre Parthenope (Porta) opp med broren (Rienzo) og sonen til hushjelpa, Sandrino (Aita). Ho er supersmart, og alle vil ligga med ho, inkludert broren, Sandrino, tilfeldige badegjester, fallerte skodespelardivaer og prestar.

Men den supersmarte, vakre unge kvinna skal inn i akademia, der ingen tek henne alvorleg, så attraktiv som ho er. Ja vel.

Sigg og sex

«En vakker hyllest til skjønnhet, nostalgi og Napoli!» Slik oppsummerer Filmweb den siste filmen til Italias mest pompøse regissør, Paolo Sorrentino. Og visst er det vakkert – som ein reklame for ei Gucci-veske eller for eit reisebyrå som vil selja turistpakkar på Capri. Eller som ein pornofilm med tolvårsgrense. Ingenting av dette vil vera uventa for fans av Sorrentino.

Eg såg Den store skjønnheten (2013) og har sidan ikkje kalla meg fan, for å seia det slik. Det er for meg ganske ufatteleg at eit sånt mannsgrisblikk på verda framleis skal fenga både publikum og sponsorar nok til å få lerretstid i desse dagar, når omtrent ingen filmar får premiere på kino lenger. Ja, ein kan jo kalla det nostalgi, objektifiseringa av kvinner, alt med ein sigarett i munnvika, men her går det langt over i både uoppnåeleg kjærleik i form av incest og ein komande pave som berre må ha seg med Parthenope inne i kyrkja.

Parthe-nope

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement