Kunst

Arkitekten

Bygget som husar PoMo, var i si tid bygd som postkontor.

Neiden kapell er ei korskyrkje i tre frå 1902. Neiden ligg i Sør-Varanger i Finnmark.
Publisert

Bygget som husar PoMo, var i si tid bygd som postkontor. Dette er eit særs staseleg eksempel på jugendstil med overraskande, nærast muntre dekorasjonar kring dørene og under gesimsen, medan lyktene var utforma i drakestil. 

Også innvendig var det dekor, mellom anna er posthornet fletta inn i buktande akantusranker. Bygget har både spir og tårn, i det heile ei prakt som vi dessverre ikkje tek oss råd til i dag. Fasaden er kledd med grøn puss og grovt tilhogde blokker i granitt, sjølve grunnfjellet skulle byggast inn i det nye postkontoret. I 1911, like etter vi hadde lausrive oss frå svenskane, vart det bygd fleire signalbygg som dette.

Arkitekten bak bygget var Karl Martin Norum (1852–1911) frå Levanger. Han levde i det som vert rekna som gullalderen i norsk arkitektur. Trass i at han var så godt som sjølvlært, vart han ein av dei fremste representantane for si tid. 

Norum teikna fleire praktbygg i Trondheim, mellom anna Frimurerlogen, Mathesongården og Britannia Hotel. Desse er laga i den andre stilen som var sentral i denne tida, historismen.

Norum var også viktig i arbeidet med å bygge opp att Ålesund i jugendstil etter brannen i 1904. Han var i det heile ein særs allsidig arkitekt. Heile livet arbeidde han for å utvikle ein norsk byggestil, noko som kjem til uttrykk i form av lafta villahus med drakehovud i gavlane. 

Han teikna også kyrkjer for prefabrikasjon som var inspirerte av stavkyrkjer. Mellom 1895 og 1907 vart eit tital kyrkjer reist, frå Neiden i nord til Møre i sør, med Neiden kyrkje som den vakraste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement