Musikk
Arkivet: Blå jodling
Kremsamling. På coveret vokalakrobatane DeZurik Sisters.
I uminnelege tider har folk i Alpane jodla når dei har tatt seg fram i fjellsidene, og når gjetarane har samla inn dyra frå beite.
På 1800-talet blei det jodla for publikum, i europeiske varietéframsyningar og amerikansk vaudeville. Svarte artistar tok inn blues og ragtime i jodlinga, som har mykje sams med falsettsong i deltablues og field holler på bomullsåkeren. Dei tyrolske immigrantsamfunna i USA dyrka tradisjonar med ompaorkester, nasjonaldrakter og jodling, og sveitsiske musikarar vitja på turné.
Då plateindustrien tok av på 1920-talet, blei det jodla fritt i både country, jazz og blues. Det vart sagt om Jimmie Rodgers, den første superstjerna i countrymusikken, at han til og med jodla når han snakka. «T for Texas», den første av hans «Blue Yodels», blei ein gigantisk hit. Til langt ut på 1940-talet var jodling vanleg i countrymusikk. Dolly Parton gjer det framleis.
Den første jodleplata i countrysjangeren som blei spelt inn, var Riley Pucketts Rock All Your Babies to Sleep. No i april er det 100 år sidan. Jodelei!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.