Musikk

Arkivet: Då Dean Martin slo tilbake

Den siste hiten til Dino kom i 1958, og han ergra seg over den tolvårige sonen som var gripen av Beatles-hysteriet. Dei som ikkje kunne stave beetles eingong!

Samleplate frå 1998 med The King of Cool.
Samleplate frå 1998 med The King of Cool.
Publisert

Dino Crocetti kom til verda i Ohio i ein italiensk innvandrarfamilie. Han blei nattklubbartisten, songaren og TV-stjerna Dean Martin. I den makelause biografien Dino. Living High in the Dirty Business of Dreams skildrar Nick Tosches dagane i 1964 då Dean Martin skulle spele inn album saman med pianisten Ken Lane og ein handplukka jazztrio med Barney Kessel på gitar.

Den siste hiten til Dino kom i 1958, og han ergra seg over den tolvårige sonen som var gripen av Beatles-hysteriet. Dei som ikkje kunne stave beetles eingong!

Albumet skulle heite Dream With Dean, med Dino i sitt ess som intim nattklubbcrooner. Han valde ut elleve velprøvde standardlåtar, men siste dagen mangla den tolvte.

Ken Lane foreslo «Everybody Loves Somebody», som han hadde skrive for meir enn femten år sidan. Kona til Dino sa det hadde vore favorittsongen hennar i mange år.

Songen blei med, og etter nokre veker blei han spelt inn på nytt og gitt ut som singel, med nytt kor, fullt orkester og dramatisk piano.

15. august fordreiv låten Beatles’ «A Hard Day’s Night» frå førsteplassen på Hot 100. Ein LP med singelen som tittellåt blei òg gitt ut, og dermed toppa Martin både singel- og albumlista.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement