Musikk
Arkivet: David Blue
Då eg først såg maratonfilmeksperimentet Renaldo & Clara (1978) midt på 1990-talet ein gong, var det ei lang scene eg beit meg merke i: Ein fyr med solbriller røykte og spelte på eit flipperspel og snakka i veg om barndomsminne, Sisyfos-myten, draumen om å verte skodespelar, folkmiljøet i Greenwich Village og mangt anna: ein sann forteljar. Først seinare fann eg ut at den karismatiske karen var David Blue (1941–1982).
Renaldo & Clara, som vart teken opp på midten av 1970-talet, er laust organisert rundt Bob Dylan og menneska som følgde han før og under Rolling Thunder Revue-turneen, mellom dei Blue, som sjølv var ein akta trubadur, ein slik som låtskrivarar held høgt for kvaliteten på handverket – ein av dei som løfta han fram var Leonard Cohen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.