Musikk

Arkivet: Den modige ironikaren

«Den vakre og brutale songsyklusen om sørstatane opnar med 'Rednecks' – om rasismen i sør og den hyklerske antirasismen i nord.»

Randy Newman vann i 2011 Oscar for beste originale song med «We Belong Together» frå filmen Toy Story 3.
Randy Newman vann i 2011 Oscar for beste originale song med «We Belong Together» frå filmen Toy Story 3.
Publisert Sist oppdatert

Randy Newman hadde vore profesjonell låtskrivar i mange år då han i 1968 debuterte som songar og pianist med satiriske tekstar skrivne frå perspektivet til personar som ikkje kan forvekslast med han sjølv. Låtane arrangerte han med strykarensemble i filmmusikalsk stil.

Stilen hadde han lært av onkelen Alfred Newman, musikalsk leiar i Twentieth Century Fox, med det beste studioorkesteret i Hollywood.

Nevøen skulle sjølv bli ein feira filmkomponist med Oscar for soundtracket til Toy Story, men på vegen dit gav han i 1974 ut milepåle-albumet Good Old Boys som kjennest enda meir relevant i dag. Den vakre og brutale songsyklusen om sørstatane opnar med «Rednecks» – om rasismen i sør og den hyklerske antirasismen i nord med storbygettoar og strukturell rasisme. Og han bruker n-ordet: «Down here we’re too ignorant to realize/ that the North has set the N... free.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement