Musikk
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med ei av dei siste heilhjerta rock-and-roll-innspelingane sine, Chuck Berry-songen «Promised Land» – om California, der alt er mogleg.
Songen fortel soga om fattigguten som tar greyhoundbussen vestover frå Norfolk i Virginia. Bussen havarerer, og toget fraktar guten til Houston, der han treffer folk som spanderer silkedress, koffert og flybillett til Los Angeles. Han flettar inn verset «Swing low, sweet chariot» før flyet går inn for landing, og han ringer «Tidewater four, ten-o-nine» heim til Norfolk for å melde at han har kome til The Promised Land, og «the poor boy is on the line».
Berry skreiv songen då han sona straffa for å ha kryssa ei delstatsgrense med straffbart siktemål med ei tenåringsjente i bilen. Innspelinga hans blei hit i 1964, men cajunversjonen til sump-pop-songaren Johnnie Allan som kom på Top 20 i England i 1974, skal ha vore det som fekk Elvis til å spele han inn. Elvis tok marknaden til Allan, men i 1978 var Elvis borte, og Allan-versjonen kom ut på nytt og blei sanneleg Top 20-hit ein gong til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.