Musikk
Arkivet: Heis storseglet, eg vil heim
Fra California til Bahamas. «Sloop John B.» på Pet Sounds, 1966.
I 1966 gav Cornelis Vreeswijk ut albumet Grimascher och telegram, der han syng «Jag hade en gång en båt» i duett med Ann-Louise Hanson og Jan Johansson på piano. Balladen hans var basert på den bahamanske sjantien «Sloop John B.», som same år blei ein megahit med The Beach Boys.
Songen oppstod blant bahamanske sjøfolk som var etterkomarar av frigitte afrikanske slavar, og i dei første nedteikningane av teksten tidleg på 1900-talet heiter han både «The John B. Sails» og «The Wreck of John B.». Tilsynelatande er det lite anna den nyskrivne teksten til Vreeswijk har med den ramsalte sjantien om fulle sjøfolk, slagsmål og politi, enn tapet av ein båt. Han har òg mista draumen han ein gong hadde, og spør om kor soldaten som drog i krigen, og byen som blei bomba, blei av. Teksten til hitversjonen som Ivar og Kari Medaas kom på VG-lista med i 1967, var omsett til nynorsk av Herbjørn Sørebø.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.