Musikk
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Låten blei nr. 1 på Billboard Hot 100. Plateselskapet trudde ikkje på låten trass i merittlista hans. Det tok ikkje Swan lang tid å arbeide seg opp frå golvfeiar i studioet til Columbia Records i Nashville til produsent for Tony Joe White. Feiekosten gav han til Kris Kristofferson, som var nykomling i byen. Då Kristofferson slo igjennom, blei Swan bassist i bandet hans.
Før Swan drog til Nashville, hadde rhythm & blues-legenden Clyde McPhatter fått «Lover Please» inn på Top 10. Songen hadde Swan skrive mens han gjekk på high school. I 1969 produserte han Tony Joe Whites funky sørstatssoge om «Polk Salad Annie», som fekk ytterlegare suksess med Elvis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.