Musikk
Arkivet: Kor på ryggen klør det?
«I’m A King Bee» med Slim Harpo selde overalt i sørstatane i 1957.
Slim Harpo med røyk på omslaget til «Bluesin’ by the Bayou. Rough ‘n’ Tough», Ace 2014.
På 1950- og 60-talet kom afrikansk-amerikanske gitaristar, munnspelarar og songarar frå fjern og nær til J.D. Miller Recording Studio i Crowley i Louisiana. Dei hadde tilnamn som Lightnin’ Slim, Lazy Lester, Lonesome Sundown og Slim Harpo.
Det fulle namnet til produsenten var Joseph Delton («Jay») Miller. Han spelte inn magisk blues og rhythm & blues med laidback lyd som framheva hypnotisk gyngande rytme, skarpe riff på gitar og munnspel mot dempa eksotisk perkusjon i det fjerne. Rikeleg med ekko skapte ein mystisk atmosfære av dampande sumplandskap, Swamp Blues.
«I’m A King Bee» med Slim Harpo selde overalt i sørstatane i 1957, og B-sida «I Got Love if You Want It» blei covra av rockabillyartisten Warren Smith alt same året. Harpo vart stor i England, og i 1964 gjorde både Kinks og Yardbirds som Smith, medan The Rolling Stones gjorde ein sexy «King Bee» på debut-LP-en deira og likeins med «Shake Your Hips» på Exile On Main Street.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.