Musikk
Arkivet: Kven drap Laura Foster?
1963: Doc står med gitar. Merle (14) sit.
Her om dagen såg eg Three Days With Doc, ein unik TV-dokumentar som BBC laga i 1976 om den blinde songaren, banjospelaren og gitaristen Arthel «Doc» Watson. Dei vitja han heime på garden hans i naturskjøne Deep Gap i North Carolina, i hjartet av Appalachane, der tradisjonsmusikken han spelte, kom frå. Det er sjølve urkjelda i amerikansk folkemusikk.
I eit klipp der Doc akkompagnerer seg sjølv på munnspel og gitar og sonen Merle klimprar banjo, syng han: «hang your head Tom Dooley/ hang your head and cry/ you killed Laura Foster/ you know you’re bound to die/ you took her on the hillside to make her your wife/ you took her on the hillside/ and there you took her life».
Det var berre nokre kilometer unna Deep Gap at hendingane i mordarballaden «Tom Dooley» fann stad. Mange har meint at han blei uskuldig hengd, og at ein sjalu eks, kusina til Laura, drap ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.