Arkivet: Luc Sante om Dylan

Publisert

Tilfellet ville ha det til at eg for litt sidan lytta til haustens omfangsrike Dylan-boks Trouble No More idet eg kom over Luc Santes fine omtale av Chronicles-memoarboka Nobelprisvinnaren gav ut i 2004, i fjorårets tekstamling Shake It Up: Great American Writing On Rock and Pop From Elvis to Jay Z, redigert av Jonathan Lethem og Kevin Dettmar.

Sante er ein framifrå skribent, ein stilist som kombinerer eit veritabelt overblikk med ein sans for den rette detaljen. I omtalen av Chronicles spekulerer han på Dylans tilbakevendande tendens til å påstå at han ofte har vore motivert av eit ønske om å keie, forbløffe og irritere beundrarane sine. Kanskje er det slik at Dylan ønskte å flykte frå den plagsame skaren, skriv Sante, men kan det vere like truleg at mange av dei uføreseielege rørslene i artistens liv kom av eit ønske om å flykte frå byrda av å vere seg sjølv?

Dylan nektar å gi oss det vi vil ha, skriv Sante. Slik var det då memoarboka kom ut for 14 år sidan, slik var det då han i 1979 fann Jesus, og slik var det då han hissa på seg Nobel-gjengen i Stockholm med aldri å svare på førespurnadene deira, noko som i lys av haustens kjellarbruduljar når alt kjem til alt, verkar som ein grei strategi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement