Musikk
Arkivet: Når du sluttar å drøyme
Ingen song så hjarteskjerande vakker country som når The Louvin Brothers gjorde folk-, gospel- og balladetradisjonar frå Appalachia-fjella til sine eigne. Harmoniane var saumlause, men brørne var som natt og dag.
Charlie var ein gudfryktig kyrkjegjengar, storebror Ira tok breivegen til fortaping med drykk og hor.
Han song solo i høg tenor og klimpra perfekt mandolin. Kompgitaristen Charlie song djup andrestemme, og dei bytte djup og låg i sublim høgare einskap.
Elvis Presley høyrde på gospelplatene til Louvin Brothers, som slo igjennom i 1955 med «When I Stop Dreaming» og omkvedet «that’s when I’ll stop loving you». Då blei dei sende på turné med Elvis. Etter ein av konsertane sette han seg ved pianoet og song gospel.
Han blei skjelt ut av ein rusa Ira: «You damn white n… Why do you play that crap on stage if that’s what you love?» Elvis svarte at på scena prøvde han å gjere det folk ville høyre. Privat spelte han det han likte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.