Musikk

Arkivet: Nattoget til Nashville

Otis Redding var ein av tallause artistar som slo igjennom takk vere WLAC.
Otis Redding var ein av tallause artistar som slo igjennom takk vere WLAC.
Publisert

Livesendingane med countrymusikk frå Grand Ole Opry i Nashville starta på 1920-talet, og fans av programmet tok til å kalla byen for Music City, USA. Men det var ikkje berre kvit countrymusikk i Music City.

Edward Gab Blackman, ein av sjefane i radio WLAC, såg det ingen andre såg: den store uutnytta marknaden i rhythm & blues-musikken som fylte klubbane i det afroamerikanske Nashville etter andre verdskrig. Med krafta frå 50.000 watt kunne han kringkasta over halve Nord-Amerika, heilt nye plater med artistar som gjesta klubbane langs Charlotte Street.

Den mest namngjetne var New Era Club, som blei opna av William Sousa «Sou» Bridgeforth i 1936. Besteforeldra hans var slavar. Dei som høyrde praten til dei kvite deejayane, var overtydde om at dei var svarte.

Musikken i klubben til Sou følgde utviklinga frå rhythm & blues til soul, og husbandet hans blei brukt då WLAC starta dei epokegjerande TV-programma Night Train. På den tida var Jimi Hendrix gitarist i bandet. Du kan sjå og høyra han i full utfalding på YouTube i eit opptak av Buddy & Stacey som syng Motown-klassikaren «Shotgun».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement