Musikk
Arkivet: På oppdrag frå Gud
Blueskjærleiken foreinte dei to komikarane, men kokain tok livet av John Belushi.
I 1978 skjønte ingen om Blues Brothers var spøk eller alvor. Kva så? seier boka. Bluesen kom tilbake. Foto: Øyvind Pharo
I 1979 var Briefcase Full of Blues, debutplata til The Blues Brothers, den mestseljande LP-en i USA. Filmen frå året etter etablerte universet til dei foreldrelause kvite bluesbrørne Joliet Jake og Elwood Blues, draumeroller for John Belushi og Dan Aykroyd.
Bandet slo igjennom i TV-showet Saturday Night Live, dei to i front inspirert av Sam & Dave og John Lee Hooker.
Sistnemnde var med i filmen, som Ray Charles, James Brown, Aretha Franklin og Cab Calloway. Alle desse gjorde comeback gjennom filmen.
Ramma i filmen, i regi av John Landis, er at den katolske skulen der Jake og Elwood voks opp, er truga med nedlegging om han ikkje betaler gjelda si til skattevesenet i Chicago. Dermed er dei ute på «a mission from God» for å samle det oppløyste Blues Brothers og spele til inntekt for barneheimen.
Boka The Blues Brothers av Daniel De Visé fortel om «korleis ein amerikansk filmklassikar blei til». Nerven i forteljinga er likevel venskapen mellom Belushi og Aykroyd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.