Musikk
Arkivet: Percy Sledge
Røysta til Nick Lowe er fløyelsmjuk.
Nick Lowe
Foto: Juan Gonzales Andres via Wikimedia Commons
Impossible Bird var albumet som i 1994 innleidde ein ny fase i den hendingsrike karrieren til Nick Lowe. Han erstatta pure pop for now people med innadvend songskrivarpop tilført ei aning rockabilly og countrysoul. Pubrockpioneren og punkprodusenten blei ein grånande crooner, og hans londonske Themsen-soul blei ei bielv i den veksande americana-bølgja.
Til dømes hadde ein av hovudsongane på albumet, «The Beast In Me», alt komme ut tidlegare same år på American Recordings, ekssvigerfaren Johnny Cashs epokegjerande comeback. Americana-vibben er også tydeleg i dei tre coverlåtane Lowe gjer. Ein av dei er som ei truvedkjenning: «True Love Travels on a Gravel Road».
Songen er skriven av Dallas Frazier, ein driven songsnikkar i countrymusikken, saman med A.L. Owens. Av dei to versjonane som kom ut i 1969 – på albumet Elvis in Memphis og singelutgjevinga til Percy Sledge – er inderlege framføringa til Percy Sledge nærast Nick Lowe-versjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.