Musikk

Arkivet: Ricke Lee Jones

Rickie Lee Jones er ute med eit nytt album.
Rickie Lee Jones er ute med eit nytt album.
Publisert

Det kilar i øyra når Mike Mainieris mjuke vibrafon innleiar «Just in Time», opningssporet på Pieces of Treasure, den nye plata til Rickie Lee Jones. Songen, med melodi av Jule Styne og tekst av Betty Comden og Adolph Green, var først å høyre i musikalen Bells Are Ringing i 1956 og dukka opp på plate fire år seinare. Då var Jones seks år gammal.

Pieces of Treasure byr på fleire tilbakevendingar. Jones har fått med seg Russ Titelman, ein produsent som i si tid samarbeidde med henne på nokre av dei viktigaste utgivingane hennar, og ho har teke tak i den amerikanske songboka. Utfallet er eit elegant, jazza album, prega av det kjende og det kjære, i nære versjonar prega av avslappa eleganse og lydhøyr presisjon. Om du har aversjonar mot nostalgi, bør du leite etter noko anna.

Plata kjem to år etter den rike memoarboka Last Chance Texaco: Chronicles of an American Troubadour, der Jones fortel om korleis ho stod på scenen første gong då ho var berre tre år gammal, i rolla som ei snøfille i ei ballettframføring av Bambi. «Eg vart ståande og bukke og ta imot applaus lenge etter at dei andre snøfillene hadde smelta bort», skriv ho i boka – og fortel at læraren til slutt måtte eskortere henne bort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement