Arkivet: «Somethin’ Good»

Earl-Jean McCrea frå The Cookies med den originale I’m Into Somethin’ Good.
Earl-Jean McCrea frå The Cookies med den originale I’m Into Somethin’ Good.
Publisert

Girl groups var eit tidsunikt popfenomen som spegla optimismen og framtidstrua i USA under Kennedy-æraen og føregreip British Invasion-pop og Motown. Jentene var unge afroamerikanarar. Låtskrivarane var kvite babyboomerar som voks opp med rock’n’roll. Før opptrappinga av Vietnam-krigen og raseopptøyane. Musikken var rhythm & blues- og gospelbasert.

Ekteparet Gerry Goffin og Carole King var stjerneteamet. I 1960 skreiv dei «Will You Love Me Tomorrrow». King song demoen, og 18 år gamal arrangerte ho innspelinga til The Shirelles. Ho blei ikkje nøgd før ho sjølv overtok trommestikkene. Plata skapte historie.

I boka Girl Groups skriv Alan Betrock at i 1964 hadde jentegruppene ein fjerdedel av førsteplassane på hitlistene. Av dei over 1000 girl group-innspelingane har Betrock laga ei liste med 131 essensielle plater, inkludert superseljaren «Locomotion» med Little Eva, og «I’m Into Somethin’ Good» med Earl-Jean. Begge skrivne av Goffin/King, men trass i sensuell vokal og dundrande pianospel av Carole King blei Earl-Jean overskygga av ein bleik coverversjon med gutebandet Herman’s Hermits frå Manchester.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement