Musikk
Arkivet: Tøffaste jenta i bransjen
Barbara Lynn Ozen blei fødd i Beaumont i Texas i 1942, rett ved gata som no er oppkalla etter henne. Ho blei flaska opp med bluesen som faren leita opp på radiostasjonane. Barbara song med og bestemte seg tidleg for å bli artist. Ho blei sjølvlærd gitarist ved å spele på ukulele til Jimmy Reed og Guitar Slim på radio. Ho skreiv songar frå ho var tolv.
Ljoset såg ho då Elvis kom på TV. Det der kunne ho også gjere! Og så starta ho jentegruppa Bobbie Lynn and Her Idols. Med «Don’t Be Cruel» og «Jailhouse Rock» på repertoaret vann dei talentkonkurransar i fleng.
«Eg trur vi var gode, og det var uvanleg å sjå ei ung svart jente spele venstrehendt gitar. Eg spelte med mange andre lokale band som ville hyre meg, jentegitaristar var mangelvare. Eg skjønte at dette var vegen opp», sa ho til Jessica Hundley i 2014.
Det året såg eg Barbara Lynn i full utfalding på Antone’s i Austin, på Fender Stratocaster med klassikarane «You’ll Lose A Good Thing» og «Oh Baby (We Got a Good Thing Goin’)» og mykje anna frå det praktfulle soulalbumet Here Is Barbara Lynn, spelt inn i 1968. Særs ufortent hamna det i skuggen av Aretha Franklin, som også var artist på Atlantic.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.