Musikk
Arkivet: Unike Laura Nyro
På debut-LP-en i 1967 blei Laura Nyro nekta å bruke arrangementet sitt til «Wedding Bells». Ho gjekk til Columbia Records, der eventyret starta.
I den bekjennande singer-songwriter-sjangeren i overgangen mellom 1960- og 70-talet var Laura Nyro (1947–1997) ei stund den fremste. På fire banebrytande album flytta ho seg mellom jazz, gospel, folk, soul, opera og pop med katarsisliknande tekstar.
Til liks med Nina Simone, ein hovudinspirasjon, akkompagnerte ho seg sjølv på piano og song over tre oktavar som det stod om livet.
Ho påverka artistar i pop og rock både i samtid og ettertid. Todd Rundgren som produserte 80-talsalbumet Mother’s Spiritual, var ein av dei.
The Fifth Dimension, Barbra Streisand, Three Dog Night, Peter, Paul & Mary med fleire fekk hittar med songane hennar, men originalframføringane til Nyro blei for intense for amerikansk Top 40 radio.
Den einaste singelen ho fekk på Hot 100, var coverversjonen av The Drifters’ «Up On the Roof» i 1970, ein klassisk uptown rhythm & blues-hit som ho heilt sikkert hadde på repertoaret då ho i tenåra song a cappella med venene sine på undergrunnsstasjonar i New York.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.