Film
Armert film
JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.
Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.
Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC
I sommar har togturen gått frå Bergen til Jerevan i Armenia, med unnatak av to korte bussturar. Vel framme i Jerevan ventar ein av dei leiande filmfestivalane i Vest-Asia, som har namn etter dei saftige aprikosane alle støtt et her.
Festivalen flottar seg med store namn. Alexander Payne er på plass med den nyaste filmen sin, den godlynte The Holdovers. Æresgjest er Kevin Spacey, som freistar komme seg ut av bransjefryseboksen.
Nemn krigen
Den store armenske regissøren Atom Egoyan opna festivalen med sin førebels siste film, Seven Veils. Som kanadiar er han del av den armenske diasporaen på åtte millionar, mot tre i heimlandet.
Det var ei høgtidleg oppleving å sjå han presentere Ararat frå 2002, i høve 100-årsjubileet til ein annan stor eksilarmenar, songaren Charles Aznavour, som i filmen spelar ein filmskapar som skal lage film om folkemordet på armenarane i 1915.
I innleiinga poengterte Egoyan at armenarar no igjen må forklare noko ingen minnest, nemleg tapet av Artsakh, eller Nagorno-Karabakh, til Aserbajdsjan. Nesten alle dei godt over hundre tusen armenarane der har flykta. Med vasskrigfestival, filmfestival og god stemning på fulle restaurantar og kafear ser ein ikkje lett spora av krigen som tok slutt i oktober, men fleire dokumentarfilmar tar opp temaet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.