Film
Årsbeste frå Brit
Begge filmmeldarane i Dag og Tid har filmen om Alta-saka av regissør Ole Giæver på topplista.
Foto: Mer Film
Utanom den fantastiske kinobesøksmessige triumfen som Barbenheimer var (Barbie og Oppenheimer hadde premiere samtidig i sommar, ein marknadsføringsstrategi som hanka inn rekordmange publikummarar, både her og utanlands), så har ikkje 2023 vore eit særleg minneverdig kinoår for denne meldaren. Nokre høgdepunkt har det likevel vore – kanskje særleg på den norske fronten.
Norske draumar
Året starta nemleg nydeleg med Ellos eatnu – La elva leve, Ole Giævers fiksjonaliserte film om demonstrasjonane rundt Alta-saka. Ella Marie Hætta gjorde ein strålande innsats, saman med ein haug andre dyktige skodespelarar, og gav eit solid heilskapsinntrykk.
Det same kan seiast om ein film som fekk lite lerretstid, men Runar Gudnasons sjølvbiografiske Eg har ord kom som ei gledeleg overrasking og hadde fortent langt fleire oppsetjingar. Også Norwegian dream av Leiv Igor Devold kan ha gått under radaren, noko som er synd, då filmen tek opp både arbeidsinnvandring og lakseindustri og i det heile er ein interessant spelefilmdebut.
Ubehaget
På topplista mi over norske, og høgt rangert av alle filmar i 2023, kjem den finurlege A Happy Day, regissert av Hisham Zaman, med handling lagd til eit flyktningmottak for ungdomar i Nord-Noreg. «Rett og slett litt magisk», skreiv eg i meldinga mi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.