Film

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.
Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.
Publisert

Kinds of Kindness er tre filmar på til saman to timar og førtifem minutt. Dei går overraskande kjapt. Handlinga er heilsprø. Den stjernespekka skodespelartruppen er nokolunde den same i alle.

I første kapittel bryt Robert (Plemons) med ordrane frå Raymond (Dafoe) om å køyre i hel ein mann. Raymond krev total lojalitet og vil kutte alle band. I del to rablar det sakte for Daniel (Plemons) då kona Liz (Stone) kjem att etter å ha vore sakna. I siste del leitar Emily (Stone) og Andrew (Plemons) etter ei kvinne som kan vekkje dei døde til liv igjen på oppdrag frå sektleiarane Omi (Dafoe) og Aka (Chau).

Særingen

Stjerneregissør Yorgos Lanthimos har alltid vore sær. Forteljingane hans liknar sosiale eksperiment. Med uvanlege forhold skildrar han dynamikk mellom menneske. Alt rart er skrudd til full guffe. Heldigvis held Lanthimos framleis god avstand til realismen. Kinds of Kindness er ein fabel i triptykform.

Å kalle filmen komedie er å strekke sjangeren, men eg trekker stundom på smilebandet. At den største gåva nokon kan få, er ein monter med ein smadra racket frå den aggressive tennisstjerna Joe McEnroe, er artig. Den svidde hjelmen til Ayrton Senna er meir makabert. Kinds of Kindness har meir mørke enn ljos, meir nådeløyse enn raustleik.

Fellesskapa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement