Bok
«At arbeide uaflatelig»
Edvard Hoem sluttfører den bandsterke krønika om forfedrane sine med å følgje husjomfrua Julie Elisabeth.
I 2019 fekk Edvard Hoem Brages heiderspris. Året etter vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Foto: Paal Audestad
I snart ti år har Edvard Hoem utgitt bøker der han har dikta seg inn i livet til forfedrane sine, romanar som har vekt åtgaum både hos lesarar og kritikarar. Slåttekar i himmelen var den første. Årets Husjomfru er den sjuande i rekkja, og sist i boka skriv forfattaren at han no ser verket som fullført. Som i dei andre bøkene i serien går diktaren og historiegranskaren saman i eit tospann og skriv fram liv og tider som skil seg mykje frå våre eigne.
Julie Elisabeth Hoem, yngste dotter til felemakaren Lars Olsen Hoem, som fekk si eiga bok i Felemakaren, bestemte seg tidleg for at ho ikkje ville late ein mann stå i vegen for hennar eiga løype gjennom livet. Ho var altså einsleg livet ut, men hadde eit rikt og mangslunge liv. Soga om Julie Elisabeth er ei forteljing om den utsette posisjonen til tenestefolk, men også om verdet deira.
Kvinneliv
Ramma om livssoga er Julies tilvære på gamleheim i Bergen, Alders Hvile på Nordnes. For første gong i livet har ho god tid, og minna kjem nær. Det har vore eit liv med mykje lys – men også ein god del mørker. Som foreldrelaus attenåring måtte ho tidleg klare seg sjølv. På nært hald – ho hadde seks eldre systrer – hadde ho sett kva ekteskap og mange barnefødslar gjorde med kvinners moglegheiter. Slik ville ikkje ho ha det.
Likevel kan ikkje lesaren fleire gonger undervegs unngå å håpe at ho skulle få litt meir enn berre dei korte glimta av kjærleik og attrå som ho lar seg sjølv få kjenne. Slik blir Husjomfru også ei viktig påminning om kva for rammer kvinner har levd under og framleis lever under mange stader i verda.
Julie blir tenestejente, men er driftig og «fremmeleg» og avanserer til husjomfru. Omgrepet gir ikkje meining i dag, men var namnet på kvinna som hadde overoppsynet med hushaldet i eit større herskapshus. Julie går raskt i gradene og får arbeid hos viktige og rike familiar i Bergen. Til sist kjem ho heilt til topps i huset hos den styrtrike Peter Jebsen, han som grunnla Dale Fabrikker, framleis ei hjørnesteinsbedrift (Dale of Norway) på Vestlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.