Film

At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.

Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Publisert

Etter ei skilsmisse er Tobias (Garfield) heilt ute av seg då han blir treft av kjærleiken på ny, bokstaveleg talt. Almut (Pugh) køyrer rett på han, og så er dei i gang. Men livet treffer på nytt, då Almut får kreft. Korleis løyser dei strabasane når sjølve livet ser ut til å ha heilt eigne planar?

Kjæledyrtid

Romantisk feelgood-film basert på livstrugande sjukdom, det er vel kort oppsummert We Live in Time. Me lever i harde tider, mange har det vanskeleg, og kanskje det er tidsånda at me finn trøyst i å sjå andre ha det endå vanskelegare enn oss sjølve.

Men det må ikkje bli nitrist, ikkje sånn sosialrealistisk trist, som at ein ikkje klarar brødfø tre ungar som åleinemor og har mista jobben. Heller litt ekte forferdeleg tragedie, men pakka inn med vakre menneske som har karrieren på stell og ei gedigen, superfin leilegheit midt i London eller hus på landet. Og som finn kjærleiken, sjølvsagt. Almut og Tobias utfyller kvarandre, dei har det kjekt saman, dei kan kjenna seg heime og som seg sjølv i selskap med kvarandre.

God kjemi

Regissør og manusforfattar har heilt klart tenkt at det må ikkje bli for mykje av det gode. Karakterane må vera gjenkjennelege og sympatiske, med sine dårlege sider som den andre heldigvis taklar godt, men det må lysa trygg og god kjærleik frå dei pene fjesa. Og det gjer det til fulle i We Live in Time.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement