Musikk
Attende til kjeldene
Kim Rysstad byr på ei fin innføring i setesdalssongen.
Kim Rysstad vart kjend for mange gjennom Stjernekamp på NRK og deltaking i Melodi Grand Prix i 2020.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kvedaren Kim Rysstad har markert seg tydeleg som ein av våre fremste formidlarar av vokalmusikk frå Setesdal. Samstundes har han òg sysla mykje med populærmusikk, mellom anna som deltakar i NRKs underhaldingsprogram Stjernekamp. På denne plata vender han attende til kjeldene sine – for det meste solistisk – men på somme av songane har han fått med seg gitarist Trym Bjønnes, felespelar Daniel Sandén-Warg og kvedarane Eldbjørg Trydal Rysstad og Kirsten Bråten Berg. Sistnemnde har dessutan vore lærar for Kim.
Dei tolv spora på plata er fordelte mellom dei vanlegaste formene for folkesong i dalen, som stev, bånsullar, balladar, nyare viser og religiøse folketonar. Dette er såleis ei fin innføring i denne songtradisjonen. Framføringane held høgt nivå, men det er trygt og traust og ingen overraskingar. Og det er neppe meininga heller. Dette prosjektet har eit pedagogisk preg som nok er meir spanande for ferske folkemusikkentusiastar enn kjennarar av setesdalsmusikken.
Utvalet er representativt, men det er litt merkeleg at den einaste salmetonen er «Frykt, mitt barn, den sanne Gud», som er temmeleg lik den tyske versjonen av melodien som me finn i koralbøkene i kyrkja, når det er så mange langt meir originale melodiar å velja mellom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.