Musikk
Attskapt
Korleis ein kan rekonstruera kantatar ein ikkje har notane til?
Fragment av J.S. Bachs handskrivne partitur til den fyrste kantaten på albumet.
Fragmentarisk overleverte verk spelar ei viktig rolle i kunsthistoria og skaper ofte ein eigen mystikk. Slike er enten ikkje fullførte, eller dei er ufullstendig overleverte. Skulpturar av den fyrste typen er Michelangelos fire «Slavar» frå 1530-åra, som skulle pryda pave Julius IIs grav og no står utstilte i Galleria dell’Accademia i Firenze. Av den andre typen kan den såkalla Belvedere-torsoen i Vatikanmusea nemnast, eit gresk verk frå fyrste hundreår f.Kr., som trass i at det manglar hovud, armar og bein, gjorde stort inntrykk på mellom andre Rubens.
Også i musikken har det ufullførte ei eiga tiltrekkingskraft. Men ulikt i den bildande kunsten lyt desse på ein eller annan måte fullførast for å kunna nytast. Mest kjend er vel Mozarts myteomspunne Requiem, som blei til på dødslega og måtte skrivast ferdig av ein elev.
Teksthefte
Med dei tre kyrkjekantatane på plata Friede auf Erden er det annleis. Johann Sebastian Bach (1685–1750) fullførte dei, men notane er enten komne heilt bort eller er berre fragmentarisk overleverte. Korleis kan ein så rekonstruera musikk ein ikkje har notar til?
Songteksten spelar her ei viktig rolle, for kantatetekstane blei gjerne prenta i små hefte som kyrkjegjengarane fekk utdelte, og har me desse daterte hefta, så veit me kva kantate som blei framført. Sidan Bach ofte omarbeidde kantatar ved å setja ny tekst til gamal musikk, kan ein undersøkja om den overleverte teksten høver til musikken i eksisterande kantatar.
Virtuost
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.