Bok

Augneblinken og det evige

Karl Ove Knausgård skriv inkluderande og opplysande essay.

Karl Ove Knausgård har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen.
Karl Ove Knausgård har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen.
Publisert

Det viktige er alltid relativt, medan det uviktige tidvis kan vera absolutt. Men denne absoluttverdien er truleg lik null. I den første teksten i den nye boka si skriv Karl Ove Knausgård om kvifor romanen er viktig, og han nemner difor at romanen ser verda frå innsida, og vegen inn dit, til innsida, står open, i og med romanen.

Eller kanskje ein burde utvida det litt og seia at den vegen finst i skjønnlitteratur som lyt lesast, og ikkje vert formidla via andre medium, slik det har vorte så populært å gjera med litterære verk, og då særleg romanar, dei siste tiåra. Fyrst kjem boka, så kjem filmen, så musikalen, så filmen om filmen og musikalen om filmen om filmen, og så bortetter.

Tett på

Knausgård skriv forvitneleg om leserøynsler, og like bra eller betre om å skriva. Skal eg oppsummera essensen i det han skriv om skjønnlitterær skriving, er det at skriving ikkje er tenking. Med litt andre ord enn Knausgård opplever eg dei beste bøkene slik at forfattaren, anten ope eller kamuflert, skriv tett på seg sjølv, men at han eller ho då ikkje er eit subjekt i teksten, men eit objekt. Forfattaren vert ein tilskodar til sin eigen tekst, som, når han først og fremst handlar om augneblinkar, kan nå det evige.

Som essayist ser det for meg ut til at Knausgård nyttar ein metode som liknar den han nyttar som skjønnlitterær forfattar. Han set seg til for å skriva, utan disposisjon. Dette kjem stundom til syne i tekstane, som har god flyt og klårleik, utan at dei er stringent redigerte, eller har vorte til etter ein eksakt plan.

Han kan til dømes ein stad hevda at fuglar, som er dei større, ville dyra me kan støyta på overalt, ikkje definerer augneblinken, men så tek han seg i det og kjem fram til at dei kan gjera det likevel, og på det viset vert også dei essayistiske tekstane levande, dei utviklar seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement