Film

Ave Maria

Sjølv den minst interessante filmen til Pablo Larraín er sjåverdig, stilfull og vittig.
 

Angelina Jolie spelar operasongaren Maria Callas i filmen til Pablo Larraín.
Publisert

I den ellevte spelefilmen sin held den store chilenske regissøren Pablo Larraín fram med hangen til å portrettere historiske figurar. No har turen kome til Maria Callas (Jolie) og den siste veka før ho døydde 53 år ung i Paris.

Vi følgjer tankane hennar, som vandrar til ulike tider av livet, i svartkvitt. Hushjelpa Bruna (Rohrwacher) og hovmeisteren (Favino) gjer sitt beste for å halde henne nøgd og i live. Det er ikkje lett. Divaa vil styre straumen mellom røynd og draum. Ho nyt sine roande piller med Metakvalon eller Mandrax. Ein ung mann som heiter Mandrax, skal gjere eit intervju. Tru det eller ei.

Portretta

Auteuren Larraín har laga filmar med ei hemningslaus kraft sidan debuten Fuga (2006). Kvantiteten har ikkje gått ut over kvaliteten. I førre film, Greven av Chile (2023), fekk vi sjå diktatoren Augusto Pinochet som flygande vampyr. At Netflix nekta nordmenn å sjå skrekkomedien med Oscar-nominert kameraarbeid på kino, er grenselaust irriterande.

Maria er nummer tre i ein slags trilogi av filmar som portretterer kjende kvinner frå den engelskspråklege verda. Jackie (2016) handla om Kennedy og Spencer (2021) om Diana. Dei var båe meir spenstige i stilen.

Då eg melde Jackie, skreiv eg at Larraín underheldt meir i heimlandet. Den tendensen er sterkare no, men heldigvis held han til liks med protagonisten sin på retten til å blande fantasi og forteljingar frå den verkelege verda fritt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement