Bok

Banaliserer høgrepopulismen

Simen Ekern skildrar den europeiske høgrepopulismen godt og balansert, men diagnosen hans held ikkje.

Simen Ekern har skrive fleire bøker om europeisk politikk.
Simen Ekern har skrive fleire bøker om europeisk politikk.
Publisert

«Ein Gespenst geht um in Europa – das Gespenst des Kommunismus. Alle Mächte des alten Europa haben sich zu einer heiligen Hetzjagd gegen dies Gespenst verbündet, der Papst und der Czar, Metternicht und Guizot, französische Radikale und deutsche Polizisten.» (Karl Marx: Manifest der Kommunistischen Partei, 1848).

I 2017 kan ein lese Populismus for Kommunismus. Meldaren er med på at dette er eit billeg poeng, men han kunne ikkje dy seg.

Balansert og nyansert

Simen Ekerns bok Folket, det er meg: den europeiske høyrepopulismens vekst og framtid er ein framifrå journalistisk prestasjon. Ei bok som er verd å lese: svært velskriven, svært kunnskapsrik, svært nyfiken. Alt i alt ei balansert og nyansert skildring av framandgjering i europeisk politikk, slik ho aktualiserer seg i dei postmaterialistiske nasjonalistpartia som er putta i sekken «høgrepopulistiske».

Forfattaren kan sine ting. Ikkje minst er forteljinga om metamorfosen til franske Front National, frå avdemoniseringa til far Jean-Maries tradisjonelle franske antirepublikanisme – som fordi republikken er philosemittisk, naturlegvis må vera antisemittisk – til dotter Marine Le Pens postmoderne økonomiske og kulturelle globaliseringsmotstand, både informativ og underhaldande. (Meldaren kan ikkje minnast å ha fått med seg nokon annan stad at Jean-Marie Le Pen på 1950-talet var utsending for partiet til Pierre Poujade – det førre franske høgrepopulistiske partiet i Frankrike).

Stilistisk brukar Ekern portrettintervjuet som form. Forma fungerer bra både på nederlandske Geert Wilders og på Matteo Salvini, leier av italienske Lega Nord. Men han er betre på Italia og Frankrike enn på Tyskland, og boka gjekk i trykken før valet I Tyskland i september i år. Då vart Allianz für Deutschland det tredje største partiet, men Frauke Petry, som Ekern portretterer i boka, gjekk av som leiar for partiet etter at ho vart vald inn i Forbundsdagen direkte frå valkrinsen sin i det austlege Sachsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement