Film
Barneranarane
Nytt australsk historisk drama har fleire glimt av finesse i kjende rammer.
Cate Blanchett spelar syster Eileen som tar seg av foreldrelause gutar, som denne namnlause guten spelt av Aswan Reid.
Foto: Ben King / Another World Entertainment
Ein namnlaus gut (Reid) på ni år blir fanga og tatt til eit lite kloster i øydemarka på 1940-talet. Der styrer den liberale nonna syster Eileen (Blanchett) med mild hand. Syster Mum (Mailman) står på kjøkkenet, og George (Blair) driv jorda med hjelp frå ein skokk gutar som kolonistane truleg har stole frå foreldra.
Den tause guten skil seg ut, og forstår neppe engelsk. Han lokar rundt, uvan med reglane og religionen som styrer. Han har uvanlege evner og fyrer opp ei lita eldkule med fingrane under senga.
Evnerik
Warwick Thornton har brei erfaring. I tillegg til regi står han for manus og kamera på The New Boy. Han vann Gullkamera for beste debutfilm i Cannes med Samson & Delilah i 2009 og jurypris i Venezia for Sweet Country i 2017. Sistnemnde er eit sterkt historisk drama frå 1920-talet i det såkalla Outback i Australia der kjernen er overgrepa dei kvite står for mot dei koloniserte. The New Boy har ein del felles med den filmen, men etter opningsscena er det sparsamt med skurkar og vald.
Syster Eileen er snill nok til at eg innleiingsvis får litt angst for at ho skal vere ei klassisk kvit redningskvinne. Store filmar om undertrykking plar ha slike. Det er ho ikkje. Thornton veit betre. Han er sjølv kaytetye, eit av folka som fell under samlenemninga aboriginarar.
Opningsteksten til filmen fortel korleis det var medviten strategi frå staten å stele born for å knuse slektsstrukturar og reinske landet etnisk for å få eit kvitt land. Kyrkja var ein stor del av taktikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.