Musikk

Bass i norsk og balkansk landskap

Signe Førre med vener overraskar.

Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Publisert

Voss er ei bygd som opp gjennom åra har fostra ei rekke dyktige folke- og jazzmusikarar. Og bassisten Signe Førre, som no kjem med si første plate, er den siste i rekka. Saman med eit dyktig lag har ho laga ei plate der dei tek utgangspunkt i folkemusikken frå Noreg og Balkan.

Den balkanske musikken har smelta Førres hjarte. Så langt tilbake som ho kan hugsa, har tonespråket og rytmen frå Aust-Europa vore til stades i medvitet hennar. Den opne og inkluderande nyfikna som møtte Signe, gjorde sitt til at dragninga mot den balkanske kulturen festa seg hjå den unge bassisten.

Vi får låtar frå Balkan pluss nokre norske og relativt kortreiste melodiar, mellom anna den lokale «Fagert i Finneloftet». Sjølv har Førre komponert «Galápagos» og «På vandring», pluss at ho har laga «Skjulte toner» med tekst av diktaren Johan Sebastian Welhaven.

Frå starten, med den serbiske «Ajde Jano», til dei avsluttar med den tradisjonelle «Ingen vinner fram», er dette ei fin plate, der Førre leier an med fint basspel og med gode musikalske vener som forstår kor ho vil med musikken sin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement