Teater

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Publisert

Er Glade dager ein komedie, ein tragedie eller kva? Den Nationale Scene har heilgardert ved å kalle stykket tragikomedie, og regissør Ida Høy og dei to skodespelarane har teke godt vare på det som ligg av humor i teksten til Beckett.

Gjennom ei munter, litt plump kvinne, Winnie (Marianne Nielsen), som langsamt søkk ned i bakken, illustrerer stykket menneskets vilkår. I første akt er ho låst opp til midja, men med frie armar. I andre akt er berre hovudet fritt. I Becketts manus kan ikkje hovudet bevegast, det er det berre augo og munnen som kan. Men det har nærast blitt ein tradisjon for at også hovudet lèt seg bevege, som her. Mannen, Willie (Gerald Pettersen), er fri, men så oppteken av avisa si at han knapt registrerer kva som skjer med Winnie.

Oppløysing

Stykket, som hadde urpremiere i New York i 1961, er strippa heilt ned til eksistensminimum. Vi er vitne til ein kropp som gradvis blir borte, eit sinn og eit språk som likeins forsvinn, ein eksistens i oppløysing.

Beckett var oppteken av å utforske korleis ein person som blei gjord urørleg, kunne uttrykke seg når han eller ho berre hadde munnen og orda å hjelpe seg med. Utover i forfattarskapen hans rettar merksemda seg meir og meir mot røysta, samstundes som tilliten til språket synest bli stadig mindre. Som Winnie seier: «Sjølv orda blir borte av og til.»

Det er ein slåande kontrast mellom Winnies gode humør og optimisme og den tilsynelatande vonlause situasjonen ho bokstaveleg tala står i, og i dette ligg stykkets ironi. Samstundes er det lett å sjå noko tragisk i reaksjonen hennar i møte med døden; innser ho ikkje kva som ventar? Eller er det tvert om slik at ho uttrykker menneskeleg mot og storleik og slik gir stykket eit drag av katarsis eller sjeleleg reinsing?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement