Kunst
Ber om bank
I høve 100-årsjubileet til Rasmus Meyers samlingar i Bergen er kunstnaren Heidi Bjørgan invitert til å skape verk som kommenterer og utfordrar samlinga.
Ei skakk krukke utfordrar estetiske ideal frå både kunstverda og kvardagen vår. Kva er fint? Skal me gøyme alt som gjekk gale?
Alle foto: Mona Mørk
Rasmus Meyers samlingar består av alt frå møblar og porselen til måleri av kunstnarar som J.C. Dahl, Harriet Backer og Edvard Munch. Museet ligg vakkert plassert i Bergen sentrum, ved Lille Lungegårdsvann. Den bergenske forretningsmannen og kunstsamlaren Rasmus Meyer (1858–1916) såg tidleg talentet til Edvard Munch og sikra seg fleire hovudverk, som «Aften på Karl Johan», «Kvinnen i tre stadier» og «Sjalusi».
I dag finn ein nettopp her verdas tredje største samling av Munch. Meyers mål var at samlinga skulle bli offentleg tilgjengeleg, og etter at han døydde, gav arvingane samlinga til Bergen under føresetnad av at det blei reist ein eigen museumsbygning. Sjølve huset i nybarokk stil er teikna av arkitekt Ole Landmark og stod ferdig i 1924. Inngangsdøra er eit prakteksemplar som gir den rette kjensla av at ein er på veg til ei stor oppleving: høg og tung, som om svære kjempar skal inn. Det får meg til å tenkje på Munch-museet i Oslo, der ein knapt ser skilnad på dørene til toaletta, vaskeromma og utstillingsromma.
Det uperfekte
I utstillinga Heidi + Rasmus = Sant kjem me først inn i det såkalla «Blumenthalrommet», som i stor grad er ein rekonstruksjon av ei av stovene til den rike handelsfamilien Fasmer i Bergen. Her er veggmåleri og takmåleri utførte rundt 1760 av danskfødde Mathias Blumenthal. Dei syner korleis målaren tok med seg den europeiske rokokkostilen då han flytta til Bergen.
Midt på golvet møter me Heidi Bjørgans keramikkskulpturar, plasserte på ei stolrekkje. Dei har sterkt preg av det spontane og uferdige. Enkelte av leirklumpane ser ut til å ha fått særleg hard medfart der dei står med oppskrapa og samantrykte former, medan andre ser ut til å ha vore raskt innom dreieskiva før dei sklei ned på golvet. Alle lutar i ulike retningar, men glasuren er nøye påført i vakre fargar og mønster. Med eitt ser ein fleire likskapar mellom fargane og formene til skulpturane, og rokokkomåleria si overflod av organiske snirklar og vridingar.
Provokasjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.