Bok

Best når døden kjem nær

Halvvegs ut i boka får vi oppleve at Inge Eidsvåg er ein dyktig lesar.

Inge Eidsvåg tek for seg døden i
Inge Eidsvåg tek for seg døden i
Publisert

Døden strekkjer seg mot oss denne bokhausten, gjennom forfattarar som sjølv skal døy, som i tilfellet Per Fugelli, som skreiv seg ut av livet i boka Per dør. I Inge Eidsvågs langt mindre personlege bok om døden får vi eit essayistisk framlegg om å skrive seg inn mot den siste kvila. Dette gjer han på autopilot ei god stund, men halvvegs ut i boka vert boka god.

Døden som fenomen

Før den tid har han hala lesaren gjennom sider som minner om ei standard lærebok om døden: i religionane, i kunsten, i analysar av haldningar til døden opp gjennom historia, ei lang tekst som det kjennest som eg har lese før. Eidsvåg skriv godt nok, det er ikkje det: om thanatologi (eit tverrfagleg studium av døden og dei døyande), om gravskikkar, om at fornektinga av døden leier til skrekkfilmar, eller om psykologiske studiar av menneskedraumen om evig liv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement