Musikk

Billett til draumeland

Det utvida lydsporet til 70-talsanimasjonsfilmen Fantastic Planet er programmusikk som står støtt på eigne bein.

Publisert

La Planète Sauvage (engelsk tittel: Fantastic Planet) er ein fransk-tsjekkoslovakisk sci-fi-animasjonsfilm frå 1973. Den sinnrike soga går føre seg på ein planet folkesett av gigantiske blå humanoide skapningar som held jordmenneske som meg og deg som kjæledyr. Vi er no nusselege små vesen, vi menneskeapar. Det får ein seie. Synd at det finst rakkarungar med dyreplageri som hobby.

Filmen er ei forvitneleg surrealistisk sak som er seg sjølv lik, og sidan dialogen er sparsam – menneskekjæledyra ser i sitt eksil ut til å ha blitt fri for talespråk – er instrumentalmusikken, signert arrangøren til Serge Gainsbourg, utprega forteljande, lik eit stykke programmusikk à la opera.

Ei rekkje – dei fleste – av spora krinsar rundt omkalfatringar av eit musikalsk følgjemotiv, spelt på fløyte, på xylofon, på Fender Rhodes-elpiano transponert til toneartar som endrar uttrykket og stemninga noko så inn i granskogen. Spora elles, sjølv dei meir utflytande, er òg svært figurative i uttrykket, det heile silkemjukt framført med funk-fusion-rock-besetning komplett med klavinett og gitar med wah-wah-pedalen tråkka langt ned i golvet; stundom kastar dramatiske strykarar seg inn i spelet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement